HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Frå dyrlegens kvardag

Vær bevisst på holdet til mjølkekua

Mjølkeproduksjon er ein krevjande øvelse viss ein skal driva godt, og det er svært mange faktorar å ta omsyn til. Ein av desse er å ha eit bevisst forhold til holdet på kyrne, og ein bør prøva å unngå at kyrne vert feite, særleg i slutten av laktasjonen.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Denne kua har om lag 4 i holdpoeng og er for feit. Kyrne har lett for å leggja på seg på slutten av laktasjonen, noko som er negativt for fruktbarheita, helsa og mjølkeytinga for kua. I tillegg er det dårleg for økonomien til bonden.

Eg som reiser rundt på gardane ser mange kyr, og av og til tenkjer eg at det kan vera mykje å henta på å ha fokus på holdet gjennom heile laktasjonen for å få betre resultat både når det gjeld fruktbarheit, helse, produksjon og økonomi.

Holdvurdering

Holdet vert målt på ein skala frå 1-5, der 1 er avmagra medan 5 er overfeit. Det er anbefalt at holdet skal vera mest mogeleg stabilt, og det bør liggjamellom 3 og 3,5 ved kalving og ved avsining. Frå kalving til topplaktasjon er det normalt og ynskjeleg med eit holdtap på mellom 0,25 og 0,5 poeng. Holdtapet i denne perioden bør ikkje vera større enn 0,5 poeng, for det går utover fruktbarheita og helsa til dyra.

Etter denne tida skal holdet opp att på 3 – 3,5 og liggja stabilt der fram til neste kalving. Kyr som er feite ved kalving har ofte eit for stort holdtap etter kalving, og dette medfører nedsett fruktbarheit, dårlegare helse og nedsett mjølkeproduksjon.

Avgjerande for fruktbarheita

Eg synest at akkurat dette er viktig å merka seg, særleg viss ein har problem med å få kalv i kyrne når ein ynskjer det. Ein bør derfor tenkja på holdet og fôringa gjennom heile året, for å leggja til rette for å få kalv i kua til rett tid. Eg trur at fokus på dette og bevisst styring av holdet, er ein av suksessfaktorane for dei som har full kontroll på insemineringa og gode drektigheitsresultat.

God helse og flat mjølkekurve

I tillegg til god fruktbarheit, er det også mindre sjukdom hjå kyr i rett hold. Kyr som er feite ved kalving har mellom anna auka risiko for mjølkefeber, ketose og løpedreining. Mjølkeproduksjonen fell også raskare hjå feite kyr enn hjå kyr i rett hold fordi det er vanskeleg å få i dei nok fôr til å opprettholda høg yting. Mange ynskjer ei tilnærma flat mjølkekurve, og feite kyr går ofte høgt opp for deretter å falla raskt.

Reduser kraftfôret

For å unngå at dyra vert feite ved slutten av laktasjonen, kan ein ta grep og redusera kraftfôrrasjonen forsiktig frå 4 – 5 månader etter kalving. Nokon kan vera skeptiske til dette fordi dei er redde for fall i mjølkeytinga, men med god tilgang på grovfôr og med forsiktig reduksjon i kraftfôret med 350 – 500 gram i veka, så brukar dette å gå bra. Med dette opplegget sparar ein kraftfôr, og ein unngår at kua legg på seg i siste del av laktasjonen.

Gjennomtenkt fôring

Nokon har avanserte system med kamera som registrerer holdet på dyra, men ein kjem også langt med å bruka augene og ha ein gjennomtenkt plan på fôringa. For dei som slit med litt for godt hold på dyra er det ein vinn-vinn situasjon å redusera kraftfôrkostnadene samstundes som ein kan få både bedre fruktbarheit og helse på kjøpet, så her kan det vera potensial til forbetringar hjå fleire.